Broderitenester

Broderitenestene våre er mykje brukt i lokalmiljøet, av både private kundar og bedrifter som ynskjer logo/tekstlinjer brodert på alt frå klesplagg til sekkar og hestedekken. Der er alltid like moro når ein kunde kjem inn døra med eit nytt prosjekt, om det er logo på profilklede eller eit spesialoppdrag til ein bursdag eller barnedåp.     

Vi jobbar med Amaya og EMT broderingsmaskiner frå Melco. Logo eller namn kan broderast på diverse stofftypar og innan forskjellige størrelsar opp til 30x25cm. Kvart plagg blir brodert og kontrollert individuelt. 

Vi treng berre ein original logo/bildefil for å bestemme fargar og lage eit mønsterkort for vidare brodering. Digital logo kan for eksempel vere .bmp, .jpg, .tiff eller .eps fil. 

Personalet vårt vil hjelpe dykk til å velje rett plassering, storleik og fargar for kvalitetssikring av broderinga.

Tekon-017.jpg