Om Tekon as

Tekon AS vart starta i 1998 og har dermed over 20 års erfaring i tekstilbransjen. Opprinneleg utførte Tekon AS hovudsakleg mønstertenester som digitering, konstruksjon og gradering. 

Marknadssituasjonen i Norge har forandra seg mykje. Som ein følgje av marknadsbehovet, kan Tekon i dag tilby eit vidt spekter av produktutviklings- og koordineringstenester for konfeksjonsindustrien.

Ettersom tekstilindustrien har flytta mykje av produksjonen til lavkostland, er hovudmålet vårt å behalde og utvikle profesjonell erfaring og kjennskap innanfor denne industrien i Norge. 

Tekon vil vere den nødvendige linken mellom norske tekstilbedrifter og utanlandske produsentar. Vi bruker vår konfeksjonskunnskap, kombinert med moderne teknologiar, til å gi kundane våre dei beste råd og tenester innan denne industrien. 

Ei anna, men ikkje minst viktig teneste som vi kan tilby er brodering av logoar.